Framsida
   Inspiasjonskortet
 
  Spinnvill
 
  Om oss
 
  Medlemsinfo
            - Medlemsfordeler
    Fysioterapi
    Innmelding/avtalar/prisar
    Timeplan
    Påmelding til timar
   Treningstilbod
    - Spinning
    - BOSU
    - Step
    - Pilates
    - Stram opp
    - Styrketrening
    - BMI-grupper
    - Temagrupper og kurs
    - Fredagsmix

  
  - Trening med ball
   
 - Mor/barn
   
-
Herrespin/styrke
   
- Utesykling etter påske til 
      sommarferien

   
Kosthald
    Samarbeidspartnarar
   
Lenker
    Kontakt oss
   
Biletarkiv
   
Arkiv 

Hit Counter

 

 


Mor-barntrening startar opp torsdag 19. januar.

Les meir (12.01.12)

Treningstilbod

Timeforklaring

SPINNING Spinning er sykkeltrening i gruppe og er bra for både kondisjon og styrke. Under instruktøren si leiing kan alle trena på sitt eige nivå og formen kjem garantert! Me har kjøpt inn 15 nye, flotte spinningsyklar og vil ha grupper med ulik intensitet.
 

Spinn 30:
Me syklar i 30 min, ein styrer sjølv og får gode bakkar om ein vil.

Spin 45:
Spinning i 40 min. God strekk etterpå. Time for dei fleste.

Spin 60:
Spinning 50 min. God strekk etterpå. Passar dei som har trent noko før.

Spinn / styrke
Spinning i ca 30 min og enkle styrkeøvingar etterpå

Spin / ball
Det vert spinning i 30 min, før me brukar stor ball til styrke/ core etterpå. Time som passar for alle.

 

BOSU Bosu er ei ny treningsform der ein nyttar ein halv ball som kan brukast på begge sider. BOSU står for "BOth Sides Up" og gjev ei komplett trening som integrerer ballansetrening, coretrening og funksjonell trening. Våre instruktørar har nyleg vore på kurs.

Bosu:
Styrketime på bosuballen, først oppvarming før me går laus på heile kroppen. Morosam og effektiv trening! Passar dei fleste.

STEP Aerobic-øvingar på steppen gjev god koordinasjonstrening og kombinert med styrketrening er dette ei populær treningsform. Me vil også nytta manualar, strikk og vektstang.
 

Step/Styrke:
Step i ca 30 min. Varierte styrkeøvingar etterpå. Passar dei fleste.
Fettbrennar / mage:
Step i ca 45 min, så går me laus på magemusklane etterpå, god strekk. Timen der me held jamn puls og får god forbrenning. Krev litt kondisjon.
 

PILATES Pilates er styrketrening, uttøying og fleksibilitet. Det er ei treningsform der ein jobbar med å få lengde i muskulaturen og å markera musklane. I tillegg handlar det mykje om pust og haldning - få betre kontroll på kroppen.
 
 
STRAM OPP og
STYRKETRENING
Generell styrketrening i grupper og trening av mage, rumpe og lår. I tillegg vil det vera mogeleg med individuell trening med vekter med rettleiing og oppfølgjing av instruktør og fysioterapeut. Me vil også utarbeida individuelle treningsprogram tilpassa dag.
 

Stram opp:
Enkel oppvarming før me tar tak og strammar opp heile kroppen

Styrke m/ stang:
Styrketime der alle jobbar med kvar si vektstong i gruppe. Kjempekjekk trening der me får høve til å pressa oss litt. Passar dei fleste
 

BMI-GRUPPER BMI er forkorting for Body Mass Index, forholdet mellom vekt og høgde. Vektreduksjon med oppfølgjing av ernæringsfysiolog og lege i samarbeid med fysioterapeut. Kothald og målretta trening.
 
 
FREDAGSMIX
 
Helgetimen som er ein rullering blant instruktørane.Her kan det bli "ny" time kvar veke. Vert oppslag same veka.
 
TRENING MED BALL   Me nyttar stor ball og trenar coremuskulaturen i tillegg til andre muskelgrupper. Trening i roleg tempo.
 
  Andre temagrupper og kurs kjem etterkvart.
Massasjekurs, dansekurs osb.
 
Herrespin/styrke Me legg vekt på kondis, flatare mage og større arm- og bryst-musklar. Nokre kilo mindre kan du og rekne med fram mot badesesongen! Me trener 90 min delt på 3 tema:
1. Spinning,
2 matteøvingar for mage og rygg og
3 styrke øvingar med vekter både i fast apparatur og med manualar / vektstenger. Fysioterapeut Øyvind Thorson vert instruktør på timane.
Mor og barn