Framsida
   Inspiasjonskortet
 
  Spinnvill
 
  Om oss
 
  Medlemsinfo
            - Medlemsfordeler
    Fysioterapi

  Fysioterapeut Øyvind Thorson.
  Fysioterapeut i Etne sidan 1990.

  Fysioterapeut Gro Steiner.
  Mensendickfysioterapeut.
  Fysioterapeut i Etne sidan 2001.

    Innmelding/avtalar/prisar
    Timeplan

    Påmelding til timar
  Treningstilbod
    Kosthald
    Samarbeidspartnarar
    Lenker
    Kontakt oss
    Biletarkiv
    Arkiv 

Hit Counter

 

 

Fysioterapi

Me tilbyr fysioterapitimar på dagtid. Alle må ha tilvising for timar. Me behandlar med massasje, el-terapi, scan.lab, ultralyd, tens og interferens strøm. I tillegg opptreningsprogram.

Me har individuelle behandlingar for dei fleste plager i muskel - skjelett systemet. Me driv også gruppeterapi og har for tida tilbod innan desse områda:

  • Revmatikar gruppe. Her får ein ein time med trening der alle ledd blir gjennomgått og der ein får brukt heile kroppen. Nivået hjå deltakarane er varierande og alle kan tilpassa aktiviteten til sitt nivå.  Timen er på 90 min.

  • BMI - gruppe. Me har 2 grupper. Her er det vektreduksjon og livsstil som er i fokus. Me trener variert i 90 min.

  • Barnegruppe: Ein time med motorisk stimulering for barn med ekstra behov for bevegelse av ulike årsaker.

  • Senior gruppe: Gruppe for dei eldste, her trener me litt individuelt og litt i lag. Noko i ståande og noko på stol. Heile kroppen vert tatt med i programmet. I tilegg til god trening er det og veldig sosialt.

  • Ryggskule/gruppe - 6 gonger med teori og ryggtrening. Lær å ta vare på ein god rygg.

    Alle gruppene er fysioterapi grupper og krev tilvising frå lege for å få delta.