|
Følg Etne Fysio på
facebook og hald deg oppdatert.
(07.03.12).
Til alle treningsvener!
De har vore flinke å trena også denne perioden og det blir spennande å
sjå om iveren held fram til kampanjeslutt 9. juni. Då vert det finale
med
"Vårens Vakraste Rundtur",
(påmeldinga er allereie i gang) og hovudtrekningane i kampanjen skjer
då. Vinnar av gåvepremien frå Sport1 for denne perioden fin du her:
Les
meir
(18.05.12)
Treningsvener - Litledalsvatnet
Rundt
Treningsvener får 1 poeng ekstra dersom de er med og syklar
Litledaslvatnet Rundt på søndag.
Ta det som ei fin oppkøyring til Vårens varkaste.
(14.0.12)
Spinning måndag 21. mai.
Timen vert utsett 15 min til kl. 19.45
(14.05.12)
Vårens vakraste rundtur 9. juni
2012
Ta med
heile familien på sykkeltur frå Etne til Skånevik og gåtur langs
postvegen tilbake
Du kan også sykla attende om du ynskjer det.
Plakat
Meir info (10.05.12)
Bruk Litledalsvatnet Rundt som oppkøyring til Vårens vakraste
rundtur.
Litledalsvatnet er eit trimritt. Du bestemmer sjølv om du vil sykla 1, 2
eller tre rundar.
Les meir (10.05.12)
Våren er på full fart og det er kjekt å trimma ute.
Me har teke høgde for det med den nye timen KISS, som er
forkorting for kondisjon, intervall, styrke og smidigheit. Første delen
av timen er ute og alle klarer å henge med! Kan anbefalast!!
Treningsvener
Her kjem denne periodens mogelegheit til å samle
ekstra poeng til laget. (Vedlegg)
Me vil at folk skal nytta natur og turmoglegheitene me
har i distriktet til å trimma,
og denne gongen vil me gje
bonus poeng til dei som vert med:
Etne Turlag på tur langs Stordalsvatnet: Kvammen til Flåte onsdag 9.
mai.
Les meir
(19.04.12)
ZUMBA
Me
har fått 2 av instruktørane våre, Mariann og
Gunnhild, godkjende som Zumba-instruktører
og det blir oppstart av timar til hausten.
Før det satser vi på nokre smakebitar framover våren.
Følg med på heimesida for tidspunkt for desse Zumba
happening dagane.
(19.04.12)
Løysing
på påskenøtter
Det er
tydeleg at mange har fått sett seg godt inn i Arnold
Schwartzenegger sitt liv og virke i Påska.
Vonar de ein gong kan få nytte av det i ”Vil du bli millionær”
eller liknande program.
Men denne gongen gav det lite utteljing, dessverre.
Les meir
for løysinga. (13.04.12) |
 |
Treningsvener - rapport mars
Andre rapport er motteken og det er nye lag som
melder seg på i toppen!
Tabellen står i vedlegget. No gjeld det å ikkje sluntre unna
fram til neste rapport.
Vinnar av trekninga mellom dei
innsendte rapportane er:”6263 ”!
Me gratulerer!!
Dei er velkommen til å hente gevinsten
sin hjå Sport 1 når det måtte passe.
Les meir (13.04.12) |
 |
|
Påsketrim for hjernen
Her får du ny oppgåve som
du kan tenke på samann med treningsvenen din når de sit og
sløvar i solveggen!
Me trur denne er så vanskeleg at me gjev 4 poeng til rette svar!
Kva er samanhengen mellom tala 8-15-3-5 og Arnold
Schwartzenegger?
Han har i tillegg til å vera muskelbunt også vore guvenør,
filmskodespelar og innblanda i andre kjendis saker.
Her er altså mange mogelegheiter for ein samanheng med tala
våre….)Svar på vanleg måte på mail til
post@etnefysio.no innan 10. april.
Les meir (30.03.12) |
 |
Løysing hjernetrim
Då er fristen for å
gje rett svar ute, og det har kome inn mange svar
som både er originale og som ikkje me hadde tenkt på.
Les meir for få svar på
hjenetrimmen (27.03.12)
KISS
Me har i dag prøvekjørt den nye timen KISS som starter 10 april. Dette
er ein svært allsidig time som er eit godt alternativ til dei som
ynskjer å få trent alt på ein kveld. Utedelen kan du velge
intensitetsnivå på sjølv så ikkje la det skremme deg frå å prøve timen.
Dei som var med på prøvetimen var positive til den og håper fleire blir
med neste gong!
(27.03.12)
Vårplan gjeldande frå 10. april er lagt
ut.
Les meir (22.03.12)
Zumba laurdag 24. mars kl. 10
Instruktør Elisabeth har lyst til å koma tilbake til Etne
Me
tek opp att suksessen og tilbyr medlemmene våre ZUMBA
Påmelding på sms til 2097 kodeord eft innan fre
23.3 kl 15.30
Treningsvener får 1 ekstra poeng kvar på laurdag!!
Les meir
(20.03.12) |
 |
Endringar i påska
Det vert nokre få endringar i påskeveka.
Les meir (22.03.12) |
 |
|
Treningsvener - Hjernetrim
Her får du høve til å bryna
hjernen litt og samstundes samla ekstrapoeng.
Kva er samanhengen mellom dagen i dag tysdag 20. mars og
talet 81?
De har frist til
måndag med å sende rett svar på e-post til
www.post@etnefysio.no.
Klarer De
å finna rett svar, får laget 2 poeng! Lykke til!!
(20.03.12) |
 |
Ny time etter påske - KISS
Neste veke vil me køyra ein prøvetime på vår nye time på timeplanen.
Det står for Kondisjon – intervall - styrke – smidigheit.
Timen er over heile 90 minutt og går føre seg både ute og inne.
Du treng difor både ute- og inneutstyr til timen.
Timen er på tysdag 27.03. kl. 18.30 -20.00.
Me treng nokre som vil vere med å prøve ut konseptet. Vil du prøve?
Send tilbakemelding til oss innan måndag 26.3.på vanleg måte med sms til
2097 om du stiller.
Laget får 1 poeng ekstra pr. deltakar som er
med på prøvetimen!
(20.03.12)
Zumba laurdag 17. mars kl. 10
Gjesteinstruktør:
Elisabeth P. Litlehamar
Påmelding på sms til 2097 kodeord eft innan fre
16.3 kl 15.30
Treningsvener får 1 ekstra poeng kvar på laurdag!!
Les meir
(14.03.12) |
 |
Mor og barn må diverre gå ut torsdag 8. mars.
P.g.a. sjukdom må mor og barn diverre gå ut.
(07.03.12)
Laurdagsmix 10. mars kl. 10.00 - Step / styrke
75 med Gunnhild
Treningsvener
Første rapport er mottatt og mange lag har full pott. Godt
jobba!
Tabellen står lengre ned på sida. No gjeld det å halde oppe den
gode starten fram til neste rapport.
Vinnar av trekninga mellom dei innsendte
rapportane er: ”Naboane”!
Me gratulerer!!
Dei er velkommen til å hente gevinsten sin hjå
Sport 1 når det måtte passe.
Me få som gjekk opp Logoen på fredag 1.mars hadde ein fin tur.
Les meir (06.03.12) |
 |
Måndag 5. mars kl. 19.30 vert det spinn 60 med
Dagfinn
Fram til og med veke 13 byter Øyvind og Dagfinn veke.
(04.03.12)
"Spontantur opp Logoen"!
Ser på vermeldinga at det er ganske bra meldingar framover.
Me vil difor invitere alle medlemmer på "spontantur" opp logoen på
fredag 1. mars.
Frammøte på Julaskår kl. 17.00.
Er du ein av dei treningsvenene som ikkje har fått sanka full pott, har
du mogelegheit til å auka poenga dine i siste liten før rapportering.
Det vert gitt 2 poeng bonus for alle treningsvener som er med opp logoen
denne dagen!
Laget kan altså sanke 4 poeng ekstra!
Det vert og ein liten premie til alle som er med!
Bli med på ein fin kveldstur før helgekosen startar!
Klikk på Logoen oppe til høgre for å sjå kor turen går.
(01.03.12)
Laurdagsmix 3. mars kl. 10.00 - Spinn 45 / styrke
30 med Ingelin
Treningsvener
Hugs å rapportera inn på
e-post resultatet så langt. Frist
5. mars
(01.03.12)
Spinning torsdag 1.
mars
Klypetussen har spinning på treningssenteret torsdagar
kl. 20
Me er berre 5 så det er god plass til fleire.
Vil du vera med, er det berre å møta opp i spinningsalen.
(29.02.12)
Vinterferie?
Neidå! Her
blir det framleis godt driv!
Det er ope for eigatrening som vanleg i heile vinterferien.
Laurdagsmix 18 februar og 25 februar vert step – styrke med Gunnhild.
Timane går ellers som normalt med nokre få unntak:
- Morgonspinn måndag kl. 08.30 går ut.
- Spin – styrke måndag kl. 19.30 går ut.
- Spinn 45 18.30 og styrke 19.15 tysdag går ut.
Me andre kjem inn frå kulde og sno og får varmen skikkeleg i kroppen!
Velkommen
på trening!!
(16.02.12)
Då er det tid for venskapleg kappestrid og inspirasjon.
Frå måndag 6. februar startar laga som har meldt seg på
Treningsvener 2012 å samle poeng.
Me minner om det mest vesentlege:
- To økter må være på EF&T, enten som eigatrening eller time med
instruktør.
- Den siste treningsøkta du kan få poeng for, er meir opp til deg sjølv
kor du tek.
Kanskje ein skitur, ein tur i badebassenget eller rett og slett en frisk
gåtur?
Valet er ditt! Det er vekenummeret som er tidsrommet du skal samla poeng
i,
og det kan vera lurt å sjekke med venen din om han/ho har kome i mål med
timane sine når det nærmar seg helg...
Har du ikkje
meldt deg på endå?
Det er enno ikkje for seint å vera med frå starten.
Hele denne veka tek me i mot lag som får registrert treningar frå
byrjinga av.
(06.02.12)
Minner om vervekampanjen som varer ut februar.
Éin gratis treningsmånad pr. medlem du vervar.
Les meir
(21.01.12)
|
Kulturnatt arrangement 4. februar
Kl.
10.00 ”Laurdagsmix”. Det er ein treningstime med spinning
(sykkel) og styrkeøvingar.
Timen er denne dagen open for alle som vil prøva.
Påmelding til
post@etnefysio.no eller
tlf.95280019
Kl.
11.30 – 15.00 Opent hus. Då møter du Fysioterapeutane og
instruktørane våre og kan få svar på spørsmål om trening og
livsstil. Du kan og få prøva treningsutstyret vårt.
Klokka 12.00 Tilbod til deg som aldri har vore på treningssenter
før. Påmelding til
post@etnefysio.no eller
tlf. 95280019
Klokka
13.00 Temamøte. ”Vektreduksjon på vår måte”. Ca 30 minutt.
Påmelding til
post@etnefysio.no eller
tlf. 95280019
Hurra! Me feirar
5-årsjubileum denne dagen,
og det vert fleire aktivitetar og gode tilbod!
Det vert trekking av premie mellom dei som er innom hjå oss i
løpet av dagen.
Velkommen!
(31.01.12) |
 |
Nye eigatreningsskjema!
Me har trykt opp nye forbetra
eigatreningskjema som ligg i resepsjonen til fri bruk.
Her kan du føra inn dine gamle og nye øvingar og få betre oversyn over
treningsopplegget ditt.
(29.01.12)
Treningsvenner 2012.
Det er nye lag som kjem inn på
post@etnefysio.no kvar dag no.
Skund deg så får du også vera med.
Me gjev ei overrasking til deltakarane på lag nr. 20 som melder seg på.
Kanskje blir det Dykk?
(29.01.12)
Gåve til Skakke
Etne
Fysioterapi & Trening vil gratulera med opninga av Skakkesenteret og ny,
flott idrettshall!
Me håpar at det vert etablert ei idrettslinje på Etne Vidaregåande skule
og at Etne Fysioterapi & Trening kan ha eit godt samarbeid med både
skulen og idrettslaget i framtida.
Me
har den siste tida fornya styrketreningsutstyret på treningssenteret
vårt
og gjev det brukte utstyret til Skakkesenteret.
Dette er solide treningsmaskiner som tåler tøff bruk og kan vera ein del
av
styrketreningstilbodet til dei ulike laga i idrettslaget og til skulen
sine elevar.
Les meir
(23.01.12)
Det vert ikkje
laurdagsmix 28. januar
Me vert med på opninga av Skakkesenteret.
(23.01.12)
Eldre nyhende finn du i arkiv
Heimesideansvarleg:
Dagfinn Garnes-Johnsen |