Framsida       Biletarkiv

Vårens vakraste rundtur 7. juni - 08

 

”VÅRENS VAKRASTE RUNDTUR”
Ja, det vart verkeleg ein vakker tur! Med så flott sommarvér kan det ikkje bli stort betre.

Med 23 påmeldte til turen, vart det mykje klargjering av syklar, påfylling av vannflasker og smøring av solkrem. Kl. 11.00 starta me på rekke og rad. Nokon for full fart mot Skånevik og var framme ved Idrettshallen på ein time. Dei aller fleste sykla og prata, og tok dette i  turtempo. Ei flott naturoppleving i tillegg!  Like før Børkjenes vart me møtt med drikkestasjon. Ein liten pause og prat før turen gjekk vidare. Stiligast var nok tandemen som Øyvind og Gunnar sykla på heile vegen!
 

Samling ved Idrettshallen der ein fekk høve til å gjera eit klebyte. Torgdagar i Skånevik, sol og sommar og mykje forskjellig mat og drikka til dei som ville før turen starta over fjellet kl. 15.00. Det var ein varm tur opp til Varleite, men så flott! Ved kaien att i Etne ca kl 18.00 fekk deltakarane diplomar og tilbake sykkel og utstyr som var blitt frakta med lastebil frå Skånevik.

Tusen takk for turen til alle!